31. mai 2007
Misjonærtreff
Håvard på togtur
29. mai 2007
Livet bak båten
Vi tilbrakte pinsehelga på ferieparadiset vårt. I løpet av helga fikk vi besøk av gode venner både til liten og stor. Vi gleder oss til fire uker på Åpta i sommer!
Velkommen innom du også!!
Irene
23. mai 2007
Travel uke i Kvås
Irene
Mini Vest-Afrikatreff
Utruleg kva fellesskapsband det er mellom oss som har vore ute i same land. Engasjementet er stort og humoren er langt framme når vi er i lag. Utruleg kjekt å høyre Bergit & Terje og Venke og Tor Ove samtale om arbeidet i Mali. Å få eit større innblikk i folket i Narena var kjekt.
Nådlandknausen 4 var arena for dette er trivelege treffet. Kjekt å kunne snakke om den positive turen til Touba-regionen (Jan Magnus, Bergfrid og Johannes) og få høyre nytt frå arbeidet i Narena.
For oss som har vore ute er det kjekt å få leve i den interne humoren, men i enno større grad i den forståinga vi har for det vi snakkar om. Gjenkjenninga er stor for det vi snakkar om.
Jon Ivar
22. mai 2007
Diakoni og/eller evangelisering
Skuleboka er funne fram og blyanten spissa. Fram til 15. juni er eg (Jon Ivar) student ved Misjonshøgskulen, Bistand og Diakoni. Ein klasse på 23 studentar frå NLM, NMS og Misjonsaliansen får meir kunnskap om bistand og diakoni. Eit viktig tema for oss som skal vere med i slikt arbeid i Mali. Det er godt å få satt ord på mange av dei spenningar som kan oppstå mellom ulike arbeidsgreiner. I tillegg kan vi kanskje få eit enno meir vel fungerande arbeid som er i tråd med både det vi som misjon står for og det dei lokale verkeleg treng.
Vi står overfor eit stadig sterkare offentleg samfunn som set krav til oss som organisasjon og på kva måte vi disponerer offentlege midlar. Kva plass har diakoni i arbeidet vårt? Er det ein skult måte å evangelisere på eller er det å dele Guds kjærleik med nye menneske?
Jesus gjorde begge deler. Nokre gonger sa han: "Trua di har frelst deg". Andre gonger var det andre måtar han møtte folket på. "Då sola gladde, kom alle til han med sine sjuke, kva sjukdom dei så drogst med. Og han la hendene på kvar einskild av dei og lækte dei." (Luk 4, 40) Andre gongar snakka han med folk, som Nikodemus, som ikkje var mottakar av mat eller helbredelse.
20. mai 2007
Forøkelse
Forøkelsen i huset i forrige uke var ikke helt planlagt i forbindelse med flyttinga i sommer.... Katten klarte det jeg selv aldri har fått til - nemlig å få barn i mai :)
Tirsdag morgen kom Håvard gledeshylende ut fra vaskerommet og ropte: "Katten har fått kattunger!!!" Hanne nektet å tro det, men vi voksne som hadde lagt merke til hvor det bar hen, måtte nok bare godta at ungene fant kattungene før oss.... Ikke mindre enn fire nydelige nøster låg i kurven. De vokser fort og er det som opptar ungene mest for tida. Tar gjerne imot henvendelser for omplassering etter hvert :)
Irene
19. mai 2007
17. mai i Kvås
Irene
16. mai 2007
Vel tilbake
Så fekk vi meldinga vi venta på.... Turen til Ouaninou hadde på alle måtar gått greit. Det er spennande for oss som skal ut, om enn berre til Mali, å høyre korleis det var å reise tilbake til feltet. Kanskje blir det vårt lodd å ta neste tur. Dei fekk stadfesta den positive trenden dei nasjonale har meldt om siste månadane.
Vi kan melde om eit positivt møte med dei nasjonale og rebellane (opprørarane). Mange spørsmål om når vi kjem tilbake. Det kan du vere med å be om kan skje når Gud ser tida er inne og at vi er vakne for det.
Pastor Piere er på bedringens veg etter slaget han fekk ved påske. Ver med å be for han og for dei oppgåvene han sår i som hovudpastor for kyrkja sitt arbeid i området.
Rebellane bur i husa til misjonen. Dei er klar til å la oss få dei tilbake når vi kjem. Enn så lenge blir dei i alle fall ikkje plyndra for tak, dører og vindu så lenge dei bur der. Så noko godt er det i det også.
Jon Ivar
7. mai 2007
Vel framme
5. mai 2007
Misjonærar på veg til Touba, vi skal berre til Mali..
Vi skriv mai og opplever varme dagar i Norge. Denne veka fekk vi gledesmail frå Kjersti som takka for regnet i Bamako, temperaturen sank nokre grader til levelege 35 (maks temp). Følte eg takla varmen greitt i Ouaninou, men der var det sjeldan over 40. Denne utfordringa også blir større i nytt land.
Til Ouaninou
For oss som er gamle nok til å kjenne vår Aavik og litt .. (to prikkar i alle fall) frå arbeidet i Kina var det kjekt å høyre frå Anna Sæter sitt besøk på gamlefeltet i fjor. Tenk på kva vi har fått vore med på. Grunnlaget for Guds forsamling med mange tusen medlemmer vart gjort i tru (og tvil) og måtte forlatast for 50 år sidan. No ser vi fruktene. Sjølv om det ikkje blir rett å samanlikne med det vi opplever i Elfenbeinskysten, går likevel tankane min i den leia. Vi måtte reise, medan arbeidet gjekk vidare med våre nasjonale vener. Tenk på kva du får vere med på…. Og i dag (eller i morgon) reiste våre folk inn på feltet igjen. Dei treng forbøn for den turen òg. Det er trygt i høve til rebellane (opprørarane) etter det vi kjenner til, men ein del ran førekjem langs vegane, spesielt sør for der dei skal reise. Andre ting eg har tenkt mykje på i det siste er kva skal ein sei til rebellane som no har husa og tinga til misjonen? Og ikkje minst kva skal ein sei til dei nasjonale? Kjem misjonærane tilbake for å bli snart?
Likevel er det for meg gleda, takken og lovprisinga til Gud som er det største midt opp i det heile (men så er det ikkje meg som skal reise, ikkje enno i alle fall…).
Snart utreise
Elles går dagane med til mykje planlegging for utreise, tanke på pakking, avskjed og vaksiner. Vi treng også forbøn. Dei to eldste våre blir igjen. Det blir spennande for oss alle. Spesiell takk går til slekta med besteforeldre i spissen som vi trur vil ta seg vel av våre to håpefulle. Litt spennande er det å få høyre frå ikkjekristne familiar at ungane våre er så velkomne til å bruke heimane deira medan vi er ute. Og at det verkar som dei kjem til å aktivt ta kontakt for å få dei heim til seg ei helg. Kva gjer eg som kristen med dei som treng meg, er eit spørsmål er har no.
Utreisa kjem også tettare på etter som vi er i kontakt med hovudkontoret og andre i samband med utreisa. Sist veke fekk Irene og eg høve til å vere med på eit Sharpening Your
Interpersonal Skills workshop. Kjempetakk til mamma som kom eins ærend for å passe ungane ei veke!! Vel, desse dagane fekk vi testa oss sjølv og lært litt meir om oss sjølv og korleis vi reagerer på ulikt press (stress) og hjelp på vegen til å takle situasjonar vi møter i dagleglivet. Vi møter det også i Noreg, men har større nettverk og rekreasjonshøve her enn ute der det meste også er tettare på oss heile tida. I tillegg fekk vi bruke kveldane til å bli enno litt meir kjent med arbeidet i Sentral & sør-Asia, Sør-Amerika og Aust-Arfrika. Utruleg at det er så mykje kjekke misjonærar på dei andre felta også….. J.
Vel, nok i denne omgang. Må ha litt å skrive ein annan dag også.
Jon Ivar