22. mai 2007

Diakoni og/eller evangelisering


Skuleboka er funne fram og blyanten spissa. Fram til 15. juni er eg (Jon Ivar) student ved Misjonshøgskulen, Bistand og Diakoni. Ein klasse på 23 studentar frå NLM, NMS og Misjonsaliansen får meir kunnskap om bistand og diakoni. Eit viktig tema for oss som skal vere med i slikt arbeid i Mali. Det er godt å få satt ord på mange av dei spenningar som kan oppstå mellom ulike arbeidsgreiner. I tillegg kan vi kanskje få eit enno meir vel fungerande arbeid som er i tråd med både det vi som misjon står for og det dei lokale verkeleg treng.

Vi står overfor eit stadig sterkare offentleg samfunn som set krav til oss som organisasjon og på kva måte vi disponerer offentlege midlar. Kva plass har diakoni i arbeidet vårt? Er det ein skult måte å evangelisere på eller er det å dele Guds kjærleik med nye menneske?

Jesus gjorde begge deler. Nokre gonger sa han: "Trua di har frelst deg". Andre gonger var det andre måtar han møtte folket på. "Då sola gladde, kom alle til han med sine sjuke, kva sjukdom dei så drogst med. Og han la hendene på kvar einskild av dei og lækte dei." (Luk 4, 40) Andre gongar snakka han med folk, som Nikodemus, som ikkje var mottakar av mat eller helbredelse.

Ingen kommentarer: