22. juni 2007

«Familiefest»

På søndag fekk vi igjen vere med å be for misjonærar som har sagt ja til å reise ut for å dele denne bodskapen om ein frelsande Gud som vi har hatt i tusen år. Her var vi ein stor familie, både slekt og kjenningar, men enno fleire som eg ikkje veit kven er men som eg likevel har eit fellesskap med.

Det er godt å få kjenne at vi er saman om noko stort. Det er stort å få vere med på å leggje nye utsendingar i Guds hender på denne måten. Ekstra kjekt å få vere med sidan Marie og Inge skal til Mali og at Lina er i tjukke slekta. Ja, tenk kor godt vi har det og kva samanheng vi få vere i.
Lina Turøy (Mongolia), Inge og Marie Aukan (Mali)

Dette var på Tusna, like utanfor Kr.sund. Eg var så heldig å få ein tur tilbake til Nordmøre igjen. Morsslekta mi sine trakter og der eg fekk bu mine første leveår. Rart kor ein kan bli bunden til ein plass og folk. Det spelar på stengjer inni i meg når eg ser på huset bestefar bygde i 1928 (og seinare løe og stabbur) etter at han tok over denne delen av slektsgarden. Der fekk eg òg bu i mine tre første leveår. No er garden selt ut av slekta….

Eg er gled vi skal få ha ein heimplass i himmelen som aldri skiftast om og som alltid er like open same kor det skiftar om oss her på jord!

Nordmøre er likevel knytt til meg så lengje eg går her på jord, og for meg har Hans Hyldbakk og Henning Sommero foreviga dette med bl.a. «Nordmørsminne»

Du kan høyre ein litt utydeleg versjon med Fosnafolk i Kroatia

Ingen kommentarer: