6. juni 2007

Skattefrådrag

I dette landet brukar vi store pengar på folks helse. Kanskje meir enn noko anna land i verda. Dette blir stort sett finansiert over skattar og avgifter.

Kai Ove og eg er så heldige å bli tekne vel vare på av Bergit og Terje som er opptekne av vårt velvære og det arbeidet vi står i. Måndag var vi difor på Borestranda på spasertur. Fekk nyte sola og litt bris som tok frå oss gamle frustrasjonar og berika oss med litt frisk pust.

I går var vi på Preikestolen, den skapte som du finn i Lysefjorden. Sjelebot for kropp og sinn. Vi var heldige med veret på veg opp. Litt duskregn, men ok. Dessverre var utsikta noko redusert og regnet kom medan vi var på platået. Likevel var regnet og skarane med knott som møtte oss når vi var nede, bagatellar i høve til opplevinga. Regn og knott vil neppe få tildelt plass i minnebrikka når dagen i dag er over.

Desse to turane har gjort oss mykje godt og vil i lang tid framover gje oss ei betre både fysisk og psykisk helse. Med det har vi spart samfunnet for store summar. Det skulle då berre mangle at vi fekk trekt av reisekostnadar og matpengar på skatten. Likevel blir dette eit positivt reknestykke for staten.

1 kommentar:

Anonym sa...

For å si det litt forsiktig, så tror jeg det er UAKTUELT for meg å ligge utpå kanten slik det blir demonstrert her... Brr...