3. juli 2007

Bibelen er ei spennande bok!

Eg såg nett «Prinsen av Egypt». Neppe eksakt slik det skjedde, men likevel…

Det fekk meg til å lese dei første kapitla i 2. Mosebok med fornya inspirasjon. Ein gong i ein bibeltime har eg notert meg at Moses mange gonger protesterte på Guds kall. I alle fall 8 gonger finn eg det i min Bibel, det var før han dei starta på vandringa ut av Egypt. Moses hadde fokus på seg sjølv, som mordar, som svikar og som ein verken folket eller Farao ville høyre på. Men i kap 3 aleine, viser Gud til seg sjølv langt over 20 gonger. Fokus er ein annan stad. Er det litt av det å sjå livet sitt i eit himmels lys?

(seglar eg utan kontroll på Nilen?)

http://www.judeninmutterstadt.org/site1/text15d.htm

«Er eg den mannen…?» sa Moses. «Gå no berre..» svara Gud til han to gonger (i alle fall). Den siste tida har vore prega av mykje håp og glede med tanke på ny utreise, men kanskje like ofte motspørsmål om kor bagasjen skal plasserast og om vi burde kjøpt nytt hus før vi reiser, maktar vi dette osv.

Eg les for tida også boka om David av Charles R. Swindoll. David hadde jammen mange opp og nedturar og ei lang ørkenvandring før han blei konge. Fleire år tok det, eg føler kanskje eg har like mange turar i berg og dalbanen (eller fleire?) på berre nokre veker.

(av og til på heilag grunn)
http://undervisning.folkekirken.dk/billedbase/billederBB/nr47.jpg

Det er i alle fall sikkert at eg blir avhengig av Gud, Herren for å kunne reise ut til ny periode og at vi treng mykje forbønn for å bli verande i den posisjonen medan vi er ute. Så er det tappande på eigne krefter og vi er avhengig av kraft for kvar dag både i tida fram til utreise og i dei oppgåvene vi skal inn i.

Jon Ivar

Ingen kommentarer: