30. mars 2007

Kvifor Misjon?

Det er påske. Då heldt Gud dom over Satan (jf Kol.2,25). Vi menneske er skapt i Guds bilde og difor er vi elska av Han. DHA skal fortelje oss om synda, rettferda og dommen fordi Satan er dømd (Joh. 16,11). Tenk at vi difor skal gå fri! Det er grunn til mange halleluja!!

For tida brukar eg litt tid på å teikne kjøkken for ein lokal fabrikk. Eg storkosar meg med det. Men i pausen har eg sett litt i Bonytt. Eit blad med mange rare og mange spennande løysingar. Likevel er det ein del eg reagerer på. I det siste eg såg i var det hengt opp tre afrikanske masker som pynt på ein vegg.

I og for seg stileg, men kva representerer eigentleg desse? Er det ikkje nettopp verdas fyrste? Det som mange fryktar og som dei er bundne av?

(Denne er frå Dogon, i Mali.)

Medan vi var i Elfenbeinskysten var vi fleire gonger vitne til maskedans. Kva tydde det når vi misjonærar ar til stades? Det var ofte sett på som kulturelle innslag, på linje med eit julespel i kyrkja eller på skulen?

Vi såg i alle fall at i ein av prosjektlandsbyane rømde alle unge menn og gjekk for å få vern hos ei maske då det var menneskeofringar. Maska har kraft og den får den frå nokon. Treflisene kan ikkje verne nokon pga av det dei er. For meg har det vore viktig igjen å sjå på kvifor vi skal reise ut. Kanskje blir oppgåvene mangslungne og der evangelisering og bibelundervisning kjem langt bak for min del. Men likevel, målet med det vi gjer er at folket i Mali skal sleppe å stå under dommen saman med dei mange som verdens fyrste har fått med seg.

Tilbake til Bonytt. Ikkje rart at Satan får lett spelerom, har er jo ufarleggjort her. Å vise si makt gjennom vonde ånder ville berre gjer folket merksame på at han verkeleg eksisterer. I Vest-Afrika er i alle fall makta hans kjend. Tenk om vi også der kunne få vere med på å lage grobotn for eit levande kristenliv.

Jon Ivar

Ingen kommentarer: