30. mars 2007

Refleksjonar

Påska er komen. Kona er på ferie og ungane i seng. Det er tid til å skrive litt.

Petter Stordalen
er blitt enno større miljøversting gjennom kjøp av nytt fly. I Afrika er det framleis Taxi-brousse. Av dei, var denne rekna som den beste i Elfenbeinsksen. Dessverre vart Savam, som merket heiter, etter kvart mykje dyrare enn "France au revoir" (på gjensyn Frankrike = bruktbil) HiAce frå Europa. Kanskje han burde, saman med enno verre Røkke, teke livet på alvor og hjelpt noko i Afrika eit år eller to.

I dette landet veit vi ikkje kva gjenbruk er, på lag i alle fall. No har endeleg miljøorganisasjonane funne ut det fleire av oss har hatt mistanke om at resursane som går med til produksjon av ny bil er mykje større enn den innsparinga som skjer ved reinare eksos. Forbruket er jo ikkje blitt noko mindre. Få brukar mindre bensin enn den gamle kadetten frå 80-talet....

Jon Ivar

Ingen kommentarer: