Denne veka har vi (gjerne du òg) fått prøve varmen. I Stavanger snakkar vi om kring 30 garder. Berre ti til, så har vi temperaturen i Bamako. Overgangen til varmen er merkbar, det vil også det å leve i ein ny kultur vere.
Onsdag fekk vi den gleda å vere på besøk hos Haga. For meg var det spesielt verdfullt å ein samtale med Tor Ove om folket og forholda i Narena. Eg ser at forskjellane mellom folket der og mahouane vi var saman med i Ouaninou (her representert med Matjini) er merkbar. Kjenner det blir ei utfordring å klare å skilje desse som alle har tilnærma lik hudfarge og dels den same kulturen og felles religion. Skikkar og religiøse tradisjonar må likevel lærast på nytt. Det gjev og det perspektivet at dei har lik rett til å bli sett på som individuelle personar på lik linje med møtet med deg, her i vårt eige land.
Så den enkelte eg møter av dei 12 mill innbyggarane i Mali skal eg møte med like stor respekt som deg……….. Klarer eg det????
1 kommentar:
Hei, hei!
Kjekt å lese gjennom bloggen deres. Godt at dere er klare for Mali. Det blir bra! Kjenner at det rykker litt i foten (!), men det ligger nok litt fram i tid for vår del. Håper dere får en fin tid der sør før utreise, og at dere får noen kalde dager før dere reiser til Mali! Det får dere nemlig ikke der...:-) Vel, vi snakkes.
Guds Fred!
Gamst- klanen.
Legg inn en kommentar