4. februar 2008

«Før dei ropar, skal eg svara»

Også for misjonærane er det flest kvardagar. Ofte føler eg dagane styrer meg og ikkje eg dei. Eit av ropa til Herren den siste tida har vore: «Kven skal vi sende til Dioman». Dette ropet er ikkje mitt, men vårt. Dvs både dei kristne i Touba, vi misjonærane og fleire av misjonsfolket har sukka denne bøna.

Sidan november har det vore vanskeleg å få tid til anna enn det aller mest naudsynte. Tanken på kva vi skal gjere med Dioman har difor lagt langt bak i bakhovudet utan at EG har klart å ta det fram dagleg i bøn og påkalling, langt mindre gjere noko aktivt for å finne nokon som kan reise dit.

Så er det ein gong slik at Gud veit kva han har tenkt for oss alle. Han kalla oss til å reise ut hit på eit tidspunkt vi ikkje heilt hadde tenkt. Og det er ikkje berre vi som blir kalla til å reise. Også våre vener i Elfenbeinskysten opplever dette kallet. Vi har skreve om Enok som har vore i Dioman. Han klarer ikkje å la kallet liggje. Etter først å ha utvida tida si med ein mnd, reiser han no tilbake for enno ein ny mnd medan vi ventar på ei endeleg avklaring for kven som kan busetje seg i Dioman.

kyrkja i Dioman
Dette kallet har tona i oss frå sommaren 2007 då Samuel døydde. Men allereie i 2002 tala Gud til ein av våre nasjonale om å reise til Dioman, det var før Samuel reiste dit. No etter jul kom han, Abraham (som namnet er i norsk språkdrakt), til meg for å snakke om dette kallet.

Ver gjerne med å be om at alt må leggje seg til rette slik at han kan reise til Dioman når han kjem tilbake til Ouaninou etter bibelkurset her i Bamako. Han har kone og born. Be om at det er Gud som kallar han og ikkje håpet om pengar frå misjonen. Tenk om Gud kunne få gjere han til «far for ei mengd med folk», i samsvar med det namnet hans tyder...................

«Rop til meg, og eg vil svara deg, eg vil forkynna deg store og ufattelege ting, ting som du ikkje kjenner.» Jer 33:3

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei!
Kikker stadig innom! Flott at dere er så flinke til å skrive. Det var jo litt ekstra interessant for vår del denne gangen selv om alt arbeidet er like viktig. Antar at det er Ibrahima det er snakk om. Det hadde jo vært flott om han flyttet i den retningen.
Han har nok vært inne på tanken før som du også nevner. Håper dette kan falle på plass. Hilsen Knut