27. februar 2008

Politikk

Det er store hol i kunnskapen min om kva som er framme på nyheitene i Noreg. Men det saknar eg i grunnen ikkje. Ser litt på nettaviser og hører på fransk/engelsk radio her.

Du har sikkert også fått med deg situasjonen i Tchad. Ein av våre nærmaste misjonærvener (amerikansk) vaks opp der. Så vi får også litt tilleggsinformasjon. Situasjonen i Afrika er ikkje god. Darfour, Kenya Somalia osv viser også det.

Som krydder i dette kan eg gje små glimt av det vi opplever frå vår kant av verda.

Fleire land sør for Sahara opplever misstemning grunna aukande prisar. Her i Mali var det misnøye med brødprisane som auka før jul. Det same hadde dei i Elfenbeinskysten. Bensinprisane stig også. 1 liter kostar no om lag 1/2 dagsløn for vakter og mange av dei andre som tener minst. Siste vekene har det vore uro med drepne i Kamerun og Burkina Faso av same grunn.

Samtidig har FN starta rasjonering av mat til katastrofeområder. Og Mali hadde, trudde eg, gode avlingar i haust. Det er berre delvis rett. I møtet med Erik Solheim i går kveld fekk eg vete at avlingane slett ikkje var gode over alt. Det nederlandske ambassadøren fortalte at avlingane var svært dårlege i deler av landet. Mali som får mesteparten av inntektene sine frå eksport av jordbruksvarer senkar difor forventninga om økonomisk vekst frå 5 til 2 % som er ganske dramatisk.

For å gjere bildet verre ser vi at FN er i ferd med å sende inn matforsyningar i enkelte utsette deler av landet. Uroa over låg vasstand i Niger og aukande oljeprisar er også urovekkjande. Gassprisane steig forresten med 70 % i fjor. Ikkje bra når dei prøver å få matlaging over frå ved/kol (som det er lite av i landet) til gass.

Samtidig som vi ser aukande matvareprisar og matmangel, startar dei med produksjon av biodrivstoff i sør.......

Så her har "miljøvern" også ei stygg bakside!

Ingen kommentarer: