11. mars 2008

Malinkéforum

Tambaga ligg på slettene. Her får vinden fart på seg og virvlar støv på ein slik måte at ein ikkje er i tvil om at ein lever i utkanten av Sahara og at det er tørketid. Dagen kan vere grå av støv, eller heller raudlett som ein lett grilla nordmann med litt brunfarge frå før. Dagane går med til å flytte på det støvet som ein ikkje har fått i munn og nase. Det knasar under kulepennen når ein tek notat. Støvet kan du berre gløyme å halde ute, men lukka glas reduserer sandlasset i senga som ventar på deg til kvelden. Eine natta var det ikkje under 30 grader og noko varmare inne. Utan straum blir klim (aircondition) og takvifte berre ein draum om ein ikkje vil spandere på seg musikken frå eit støyande aggregat som osar bensin.
Totalt er det kring 4 millionar malinkéar i Vest-Afrika. Men talet variere ganske mykje. Joshua Projekt viser til 22 ulike grupper malinkéar med til saman 8,4 mill. 19 av desse er 100 % unådde.

Vi er ein av misjonane/kyrkjene som arbeider blant dei. I Tambaga var vi samla ca. 20 misjonærar/maliske pastorar for å dele erfaringar og visjonar for arbeidet.

Dei fleste av dei nasjonale kom frå etablerte kyrkjer som ikkje lenger er direkte støtta av misjonsorganisasjonen dei ein gong sprang ut frå. Vi var også tre lutherske misjonar (to norske og ein amerikansk) som er i startgropa på nye stader der evangeliet enno ikkje har nådd fram.

Her er mange språk og enno fleire utfordringar. Dei nasjonale kyrkjene seier at der misjonen har vore i mindre enn 40 år ser det ut som det er vanskeleg for kyrkja å etablere seg. Enkelte stader har den gått tilbake.

Trass eit tidkrevjande tolmodsprosjekt som er lagt på skuldrene våre, er det oppmuntrande at vi er fleire som har fått dette kallet og som kan arbeide saman kvar på vår plass. Så kan vi få stå saman og oppmuntre kvarandre, dele sorger og gleder, og ikkje minst dele Guds ord og be saman.

To dagar med samtalar vart avslutta med ein dag i faste og bøn der malinkéane og vi som arbeider her var hovudfokus.

Ingen kommentarer: