4. september 2008

Abidjan

Ei lita tilbakemelding frå Abidjan er på tida, skrivekløe glimrar framleis med sitt fråver, men det har ikkje diare og forkjølelse gjort i det siste. Men så er det ein del av livet, kanskje ein større del her i Afrika.
Sist veke var min første av fleire turar til Abidjan som prosjektleiar. Slike turar minner mykje om tida i Elfenbeinskysten tilbake på 90-talet. Då hadde vi ikkje misjonærar i byen, berre i nordvest. Når ein var «nede» skulle «alt» (innkjøp, bank, rekneskap, personalsamtalar, besøke off kontor/ambassade, besøk i bydelar osv) skje på dei dagane ein hadde til disposisjon, slik har det også vore så langt. Då skal ein fylle alle rollane for alle kan jo ikkje reise til ei kvar tid.

Denne gongen gjekk mykje av tida med til å leggje tilrettes for det gledelege at vi igjen skal få misjonærar i Abidjan. Huset må vere i stand, nye rutinar må på plass sidan det no blir både gjestehus, bustad og kontor for prosjekt og radio. Tidlegare når det budde misjonærar der, leigde vi kontor utanfor tomta vår. Så det blir ei utfordring for oss med kombinasjonen kontor og bustad både for oss misjonærar, men også for dei nasjonale som har rådd grunnen dei siste 4 åra.

Eg for min del blir buande på gjestehuset under mine besøk i byen, då som rekneskapsførar og prosjektleiar.

Ingen kommentarer: