26. januar 2009

Omringa

Huset misjonen har i Abidjan, ligg fint til. Kvar søndag morgon har vi gjennom mange år kunne høyre pianoakkompagnement til kjente kristne songar. Enkelte dagar elles i veka opplever vi også dette. Ein skulle, etter musikken å dømme, tru det var eit vanleg bedehusmøte ein høyrer ljomen ifrå. Men det er Jehovas vitne som har sitt lokale her.

Snart får vi også eit teologisk fakultet som nabo. Huset er straks ferdig, og her er det ikkje pengane det står på. Her er det brustein og flott laga til rundt det heile. Det er ikkje Jehovas vitne men Mormonarane som denne gongen etablerer seg i nabolaget.

fotballbana, Jehovas vitne og Mormonarane

I min ungdom var Keith Green ein stor evangelisk songevangelist (han døydde i eit flykrasj i 1982). Han var radikal og hadde eit sterkt misjonsengasjement. I ein tale på ei plate frå 1979 siterer han ein rapport frå 1933 om kristenlivet i USA. Fritt oversatt og forkorta blir det slik: «7.000 kyrkjer vann ikkje ein einaste kristen sist år. Tenk at dei hadde to gudstenester (møter) i veka i 40 (av 52) veker, utan å regne med andre samlingar. Det blir 560.000 møter på eit år. Tenk på alt arbeidet, anstrengingane, lønningar, straumrekningar, bygningar osv. Fleire millionar tilhøyrarar, men det feila i høve til å bringe ein einaste person til Gud dette året.» Er vårt arbeid slik? Kvifor vinn vi så få kristne? Heile talen finn du her. Ein annan tale er sterk i høve til kallet til å gå ut og vitne om Jesu frelsesverk (takk Mons Gunnar).

Jehovas vitne og Mormonarane har eit anna evangelium, men eit sterkt misjonskall (plikt?). Td skal alle mormonske menn ha to års pliktteneste som misjonær. I følgje heimesida deira har dei no 60.000 (seksti tusen) heiltidsmisjonærar på 11 millionar medlemmer, det er om lag 0,5 %. Dersom det er 550.000 kristne i Noreg hadde det tilsvarande talet vore 3.000 misjonærar.

Desse naboane får meg til å spørje meg sjølv om kor stor trua mi er. Er vi satt i brann, er eg villig til å gå (ofre!), eller er våre vestlege krav til komfort og økonomisk tryggleik viktigare? Skal du og eg som kristen ofre meir av dette for å bre ut Guds rike? Skal vi la vere å sei ifrå til naboar og vener for å bevare godt venskap og så la dei gå direkte i helvete. Skal misjonærar og forkynnarar ha usikre vilkår fordi kallet er på vikande front? Mange av dykk som les dette er ivrige gjevarar og forbedarar. Men vi har eit stort ansvar for å få delt vidare kallet til omvending og nauda for å nå ut til resten. Maktar vi det ikkje lenger? Forkynner vi det ikkje klart nok?

Både Jesus og Paulus starta forkynnartenesta si i synagoga. Der var Guds ord kjent og lengten etter Messias stor. Det er ikkje vår situasjon i dag. Men likevel kan eg få overbringe helsingar frå dei kristne her i Abidjan. Vi har også to muslimske menn som no kjem til søndagsmøta. Den eine av dei har gjennom fleire år fått mykje kjennskap til Bibelen og Jesus som frelsar. Be spesielt for desse to mennene.

Ingen kommentarer: