5. september 2007

Ting tek tid.... men ikkje alltid

Hanne og Håvard treng Internett i samband med skulen, dei går på to to skular parallelt, Den engelske her i Bamako og den Internett baserte Globalskulen i Norge. I alle fall skulle eg bestille Internett. Ikkje så raskt og så billeg som i Norge (128/128 kps til 300 kr/mnd for innvigde) men dog. I alle fall får vi det etter kvart det er via radiosignal og såleis lett å installere. Tilbake til køa, etter å hå venta lenge og vel på den rette personen var det fram med identitetspapir og fylle ut skjema for hand i tre eksemplar, sjølvsagt utan blåpapir, om nokon i Norge hugsar kva det er... Så var det å stille seg i ny kø for å betale det som var bestilt, når så det var gjort var det ny kø for å få fylle ferdig papira slik at saka kan gå vidare. I dag ventar eg på at dei skal ringe å sei dei er klar til å komme for installasjonen, eller kanskje i morgon. DET er faktisk raskare enn det Telenor m/fl klarer å prestere. Det står berre att å sjå om det skjer slik det er lovt, det er likevel ikkje annleis enn i i gamlelandet.

1 kommentar:

Anonym sa...

Det blir jo spennande å sjå om Skype fungerer med så dårleg linje.