10. oktober 2008

KOONAN

Denne kyrkjelyden har vore samansett av kristne funksjonærar og nye mahou kristne. Ein kombinasjon som ikkje alltid har vore like enkel. Kyrkja har også i større grad enn i Ouaninou vore sjølvstyrt, bl.a har dei kosta meir av kyrkjebygget sjølv og drifta av det.

(Kyrkja i Koonan, påska 2008)

I motsetnad til i Ouaninou har vi ikkje hatt nokon fast pastor her over tid. Dessverre har vi også hatt fleire som har falle frå under vegs (også her). Men spesielt eit ektepar har vore trufast og helde mykje av arbeidet oppe.

No i regntida er det fri frå bibelskulen i Mali som ein av våre kristne Mahouar går på. Han er frå Koonan området og har sin praksis der i regntida. Det verkar til å vere til inspirasjon og hjelp for denne kyrkjelyden og no i det siste har det vore opp til 26 på gudstenestene. Takk GUD!!

Spesielt har eg fått vete at det går gjeteord om kona til denne bibelskuleeleven vi får vere med å støtte. Dei gifta seg i fjor haust, ho er frå eit område lenger nord mot Mali og er ein god kristen. Be spesielt for desse to og for den siste tida deira i Koonan før skulestart i desember.

(Besøk i Koonan nov 2007)


Ingen kommentarer: