3. oktober 2008

Kjære krass kniv

Eg såg du skreiv i gjesteboka, det set eg pris på sjølv om du er kritisk til det vi held på med. Eg vil gjerne svare på kritikken og håpar du tek deg tid til å lese den.

Eg reknar med du siktar til prosjektet vi driv i Abidjan når du meinar vi tvingar den kristne trua på nokon. Då vil eg tru du ikkje heilt har forstått korleis vi driv prosjektet. I alle fall verkar det som det er i utakt med slik eg opplever det.

Å vere kvit i Afrika eller nordmann i mange land er ofte ei utfordring. Eg kjenner til journalistar som seier dei er kristne i møte med andre kulturar fordi dei finn det for vanskeleg å forklare at dei er ikkjetruande.

Vi har alle eit verdisett enten vi er kristen, muslim eller ikkjetruande. I det norske statsbudsjettet under bistand er blant anna arbeidet for aksept av homofilt samliv, mot omskjering av kvinner og arbeid for demokrati blant tema som er dei viktigaste satsingsområda. Er det å tvinge heile folk eller kulturar til å skifte meining, eller er det greitt fordi Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti står bak?

Vel, det er noko av bakteppet vi har når vi arbeider i andre kulturar. Mange land seier homofili ikkje eksisterer, i mange land er det forbod mot alkohol, det passar ikkje alle vestlege turistar, det ser vi jo i media til tider. Våre haldningar og verdiar er dei alltid dei beste og/eller dei riktige? Etiopia vil innføre ein ny lov mot arbeid for demokrati/menneskerettar og mot arbeid blant barn, kvinner og handikapa. Har vi rett til å arbeide mot det?

Når det så gjeld det konkrete om vi tvingar nokon til tru, vil eg på det sterkaste sei det ikkje er tilfelle. Eg har arbeidd med bistand sidan 1992 og så langt ikkje sett det i vårt arbeid. Det er riktig at vi ynskjer folk skal sjå at Gud elskar dei og sendte son sin til frelse for deira, mine og dine misstak eller synder som vi som regel seier. Men all vår bistand er basert på at den blir gjeven fritt til mottakaren utan krav til kristentru. Vi strevar etter å gjere dette på best mogleg måte for at mottakaren skal ha størst mogleg utbytte av det. Difor brukar vi bøker utarbeid av nasjonale eller lingvistiske institutt. Difor startar vi også alfabetiseringa på det nasjonale språket for seinare å gå over til fransk. Det gjer at dei også forstår perfekt kva som står i bøkene dei brukar.

Forsking viser at det er best å lære å lese på sitt eige språk. Neppe nokon i Noreg ville vel sei det var betre om all undervisning frå 1. klasse var på engelsk som trass alt er eit nærliggande språk. Vel, det var ein digresjon.

Alle dei diakonale aktivitetane er utan evangelisering. Vi som arbeider der er delvis kristne og delvis muslimar. Dei som eventuelt vil snakke om kristen tru må difor ta kontakt med oss på eige initiativ og møte opp i det lokalet vi har våre møter for å høyre kristen forkynning. Dei lærebøkene vi brukar er offentlege lærebøker utan religion. Derimot har vi laga materiell innan helse, jordbruk osv som vi brukar som tilleggslitteratur. Dei som underviser er godt utdanna ungdommar frå bydelen som dei eldste sjølv peikar ut. Vi brukar altså ikkje kristne prestar til dette arbeidet. Eit av hovudmåla er å lære opp lokale resurspersonar som kan finne støtte for aktiviteten vidare etter dei to åra der vi er med og drar i gang dette. Vi utdannar og set dei i stand til arbeidet og hjelper dei til å få økonomisk bærekraft i aktivitetane.

I dei åra vi har drive med slikt arbeid har enkelte teke kontakt med kyrkje fordi dei forstår det er noko som driv oss og dei ser vi har ein fred i våre liv som dei manglar. Eg forstår det som du ikkje synest noko om kristendom, det er eit val du står for. Eg håpar du ein dag kan få sjå at Gud er for deg og ikkje mot deg. Ingen kan tvingast til å bli kristen. Det er riktig at ein offentleg kan sei ein er det, men til sist er det likevel eit personleg forhold til Gud, med Jesus som frelsar som tel.

Sjølv om vårt mål med prosjektet er å hjelpe folk, er vi sjølvsagt glad om nokon får lyst til å bli ein kristen gjennom møtet med oss, men som sagt: ingen blir tvinga til å høyre eit einaste ord om Gud.

På den andre side er det jo slik at dei aller fleste i Elfenbeinskysten og Mali lever eit liv der ein eller annan form for gud er ein del av dagleglivet. Vår oppleving er at dei har større tiltru til kristne enn til dei som seier seg ikkjetruande. Dagleglivet kan ikkje skiljast frå gudslivet, slik det er det for dei fleste her. Så det gjer at vi frimodig held fram med å hjelpe menneske som ynskjer oss velkomne, vi er opne på kven vi er, så kan den enkelte bydel velje om dei ynskjer det vi kan tilby eller ikkje. Så prøver vi å vere audmjuke, vel vitande om at både lokalt TV, ambassadepersonell, flyktninghjelpa og vi misjonærar ber med oss ein vestleg kulturarv som ikkje berre er positiv.

Joh 3:16 ; For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Ingen kommentarer: