1. oktober 2008

1200 km på afrikanske vegar

kan vere så mangt. I Mali og Elfenbeinskysten er hovudvegane stort sett bra. Sjølvsagt med visse atterhald. Og kva er no eigentleg bra?

Sidan det var ramadanfest i går var det stille på vegane og det hjalp på farten. Spesielt på dei dårlege partia.

Kort oppsummert over gårsdagens kjøring kan vere:
  • 950 km
  • 12,5 timar
  • 2 land
  • 10 stopp for registrering av papir
  • 2 kontrollar av bagasjen der den eine innebar opning av kassar og testing av gitaren
  • 12 andre kontrollpostar med bom eller spikermatte
  • 1 post der eg måtte bruke tid på å forklare kvifor eg ikkje hadde kjøpt turist vignett til bilen (kor skal ein forresten finne det i opprørssona)
  • 3 bompengepasseringar
  • Fleire tusen slaghol
  • 50 innertiarar (minst) på slaghola (det dårlegaste eg kunne klare var ein og annan 9-er). Nokre kom så fort hjula rakk ikkje dei 20 cm ned i botnen før vi var forbi, bilen, lasset og eg.
(bilete er frå mahouland i november, kjent gate for dei som budde her)
Kjøp
  • Diesel 2 gonger
  • Passersetel
  • Batteri til mp3-spelaren
Udeling av
  • 1 nytestamente
  • 8 traktatar
  • 1 brus
  • 1 sjokolade
  • 1 flaske vatn
  • Telefonnummerert mitt
  • Litt pengar klarte eg ikkje å snakke meg vekk i frå, klarte nokre plassar og nesten andre plassar. Eg har ein mistanke om at grunnen til at vi «blir innskrivne» i bøkene er ofte berre at vi skal måtte betale.

Det var godt med middag og ei god seng i Yamousoukro. I dag er det berre 230 km igjen til Abidjan.

Så igjen takk for forbøn.

PS! Gjer ikkje vont om du ber for siste etappe og opphaldet i Abidjan også! :)

Ingen kommentarer: