6. desember 2008

Når elefantane slåst, blir graset trakka flatt

Slik skildra nettopp RFI problemstillinga om kampen for makta i Elfenbeinskysten. Dei siste dagane har avisene i landet gjeve mykje spalteplass til dei ulike partane som skuldar kvarandre for å leggje opp til nytt blodbad, kupp og trenering av valet.

Mange ting er ikkje avklara. Kampen er om makt, for med makt kjem også pengane. Og i Afrika er det som regel store pengar i det å vere på makta si tinde. Vi står difor framfor ei spennande tid nett no. Enkelte offentlege kjelder seier det ikkje er reelle grunnar til utsetjing av valet. På den andre sida har registreringa av folket teke unormalt lag tid, fleire mnd meir enn sjølv dei mest pesimistiske estimeringane. Eg kom i snakk med ein mauritaniar som arbeider for UNOCI (FN i Elfenb) på flyet i går. Han var oppgitt av rivaliseringa og den langsame prosessen.

Situasjonen i Elfenbeinskysten vert ein stor kontrast til Bamako og Mali. For som ein amerikansk ven og diplomat sa i dag; Uansett kva ambassade han blir forflytta til etter Bamako, vil han og familien måtte rekne med eit høgare fokus på tryggleik i kvardagen.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Dere er flinke til å skrive blogg. Det er kjekt å følge med på arbeidet fra østen også. Hvis den amerikanske diplomaten vil til et rolig sted etter Bamako, bør han komme hit til Mongolia:)

Jon Ivar sa...

Godt forslag, Berg! Våre gode venner er plassert i Jakarta fra høsten av og blir i alle fall der de neste to åra. Håper dere har det bra! Er jevnlig innom bloggen deres også for å se etter nytt. Stilig med kronprinsbesøket. Vi har "bare" hatt Erik Solheim her :) Men det var kjekt det og. Ellers fryser vi i Bamako for tiden med kun 24 grader ute om dagen og 17 om natta!! Men jeg får stadig høre av min mor at jeg må bare ikke klage....

Anonym sa...

Fleire som ikkje heilt skjønar det går å klage på varmen når det 24 grader. Vi har hatt det under 0 det meste av heile veka som ligg bak oss. Kaldt, men fint. Men vi forstår det likevel - det er jamen mykje som er relativt.