(foto: http://souvenirs-de-mer.blogdns.net/IMG/jpg/abidjan2.jpg)
Dei siste dagane har eg difor brukt ein del tid på å få ordna visum. Meininga var å reise i morgon, men eg fekk ikkje visa i dag som lova og tek ikkje sjansen på at eg får det før flyet går i morgon. Håper eg får endra biletten. :)
Målet med turen elles er samtalar med dei nasjonale og oppfølging av dei. Det gjeld administrasjon, økonomi, evangelisering og dei som personar. Møte med dei nasjonale som står midt oppe i arbeidet er viktig. Håpet er at vi kan vere med å inspirere og hjelpe dei framover.
Dette er difor også noko eg vil gje dåke som eit bønnemne. Be om visdom i møte med dei utfordringar som ligg føre. Be også om visdom til å ta gode val i høve til lokalet. Dette blir dermed også eit val for kva område av byen vi skal satse på.
JonIvar
1 kommentar:
Dette høres jo kjempespennende ut.
Her er det rett i arbeid, skjønner jeg :-)
Blir spennende å se hva du finner ut av i Abidjan. Vi gleder oss til å høre nytt og til etter hvert å ta det hele i øyensyn.
Bon voyage et que Dieu te benisse!
Jostein
Legg inn en kommentar