16. januar 2008

Dagsrapport frå Ouaninou

Eg skal helse til alle frå Pierre. Snakka med han på tlf i dag.

Ting går greit. Frå dagleglivet melder han at ikkje alle funksjonærane er kome til Ouaninou enno. Av dei som er på veg, bur nokre i Touba.

Helsa til Pierre er betre. Armen og foten som var lamma fungerer stadig betre. Han har no nesten fått igjen all muskelmassen og går stadig betre. Han har i det seinare blitt noko meir plaga av smerter. Han har hatt det lenge og legen sa at det ville han ha ei god stund framover. Kanskje er det tablettane som ikkje verka like godt lenger eller at dei er dårlege/svake.

Likevel treng han framleis hjelp til å kle og vaske seg. Kona kunne difor ikkje reise i gravferd til mor si som døyde før jul.

Elles ynskjer han at vi skal takke for tre trufaste koner som er svært flittige å kome til kyrkje. Den eine av dei er kasta ut av mannen. Ho valgte det i staden for å gje opp trua. Be spesielt for henne.

Be også for ein av våre nasjonale som ikkje har vore i kyrkja på ein mnd tid. Vi veit ikkje heilt kvifor han ikkje kjem. Kona hans er likevel trufast.

Jon Ivar

Ingen kommentarer: