Etter snart 5 mnd har vi enno ikkje fått stilt inn tv-antenna vår. Det bør vi kanskje gjere slik at vi får fulgt med kor det går på kampane. Det har jo litt å sei om kor vidt du blir rent ned av glede eller frustrasjon når du prøver deg ut i gata. Skjønt ting går ikkje så lydlaust av stabelen. Så vi høyrer sakte stemninga inn i huset likevel. Store folkemengder samlar seg rundt tv`n i gata kvar kveld no, og over heile byen høyres brølet når nokon får mål.
Afrika-cupen er i gang. Vi kan ikkje unngå å leggje merke til det.... Tekstmeldingar tikkar inn på mobiltelefonen med info om reduserte priser på tekst –og bildemeldingar under heile cupen. Taxiane køyrer med store flagg på taket og byen sydar av liv.
I dag 17.00 lokal tid spelar Elfenbeinskysten og 19.30 Mali. Det er viktig at også vi heiar. Vi slepp ikkje unna her. Dette er det glade vannvidd som gjerne går litt (les: alt) for langt! No har vi tre veker med det. Går det bra for Mali får vi kanskje ein ekstra fridag! Går det ikkje bra, er det tryggast å halde seg innandørs......
Vårt største problem under cupen vert på torsdag når Mali skal spele mot Elfenbeinskysten. Kva gjer vi då? Vel, vi vi satsar på uavgjort......
IJI
2 kommentarer:
Du slutter aldri å overraske, Jon Ivar. Tenk at det måtte en fotballkamp til for å få det til å slutte å snø på tv`n vår :-)
Men timingen var jo bra, ettersom jeg jo akkurat hadde skrevet om vinteren som er over her for denne gang.
Irene
Stor stemning i gata!!! Vi vant 1-0 to ganger i dag!! Både Elfenbeinskysten og Mali vant sine første kamper i kveld!
IJI
Legg inn en kommentar