2. april 2008

Uro

Vi har det godt i Abidjan og merkar ikkje mykje til at livet er i ferd med å blir vanskeleg, i alle fall ikkje på den måten at lommeboka går fortare tom enn før.

Det er liten fare for nye krigshandlingar (utanom spreidde treffningar i periferien). Men i går fekk vi sjå det som har skjedd bl.a. i Senegal, Burkina og Kamerun; demonstrasjonar mot dei høge prisane. Risen har stege 33 %, brødet 20 % og i går kjøttet 33 %. Det merkar dei nasjonale godt. Samtidig er korrupsjonen berre på veg opp. Så no blør Afrika, og Elfenbeinskysten kanskje ekstra.

Biodrivstoff er på veg til å bli ein ny næringsvag for Afrika. Samtidig blir maten dyrare fordi det ikkje lenger er nok. Så det som skal redde all kjøringa vår i vesten ser det ut som Afrika må betale for gjennom svolt og synkande levestandard.

Enno har ikkje vi hatt noko vesentleg prisvekst på drivstoff. Men sist det skjedde, før jul, var det store prostestar. Så nye er nok i vente.

Måndag og tysdag hadde vi store protestar her i byen. Store deler av sentrum var avsperra og rundt kjøpesentere brende dei dekk, restane ligg framleis i gatene. 1 død og ti skada var rapportane.
Korrupsjonen gjer at få land vil støtte valet (som vi ikkje veit når blir), ting er til dels ti gonger så dyrt å få gjennomført her som i andre afrikanske land, bl.a. innkjøp av valurner og registrering av stemmeberettiga.

Ingen kommentarer: