30. november 2008

Kl 07.00

I dag var eg på gudsteneste i Youpogon, ein bydel her i Abidjan der vi har starta våre møter. Som du skjønar av overskrifta må du vere tidleg oppe for å komme tidsnok. Heldigvis er det lite trafikk så tidleg på morgonen. Å starte 06.30 frå gjestehuset gav meg sjansen til vere framme 10 min før møtet starta. Då hadde to kvinner allereie låst opp og var nesten ferdig med å koste utanfor.

Desse to trufaste kvinnene trur eg hadde denne opplevinga som vi finn fleire stader i evangelia når folket kom til Jesus med si naud; «Trua di har frelst deg!»

Ikkje berre vart den yngste av desse to søstrene kvitt plagene sine, men dei fekk også sjå kven Jesus verkeleg er. Dette skjedde i Ouaninou for eit par år sidan. Dei vart sparka ut heime av mennene sine og kom til Abidjan i haust for å tene til livets opphald.


Vi har hjelpt dei med hus i fire mnd, i tillegg har dei fått eit lån på 600 kr kvar slik at dei kan skape kvar si inntektskjelde. Dei betalar 1/5 tilbake kvar mnd. Det er også ein kristen mahou til som møter opp fast på disse søndagsmøta. Av og til kjem også nokre av dei andre arbeidarane våre som enno ikkje har teke eit bevist val. Så i dag var vi 6 stk til saman, inkl evangelisten og meg.


Grunnen til at dei startar så tidleg er at i same huset har eit anna kyrkjesamfunn møter også, men med gudstenester på fransk, noko våre to mahoudamer ikkje forstår så veldig mykje av. Vel, naboane startar møtet sitt kl 09, men spelar musikk ei god stund før det. Og med dei store høgtalarane deira ute på gata, er det ikkje mykje vi får med oss av det som blir sagt på mahou om vi skal starte seinare.


Hos oss brukar dei også PA-anlegg (store høgtalarar som står i døropninga). Om ikkje lyden er så høg, så er det likevel ein del som stoggar opp og lyttar, for her skjer det ikkje på fransk men på eit lokalspråk.


Ver gjerne med å be for desse som kjem og lyttar og at det dei får med seg på gudstenesta er noko dei kan dele med andre. Om ei veke vil dei også prøve å starte med jamlege bønemøte. Så det håpar eg å få vere med på ein annan gong eg er her.
Jon Ivar

Ingen kommentarer: