15. oktober 2007

Legg dåke i trening folkens

Mange av dei beste idrettsutøvarane kjem frå Afrika. Dei trenar i varmen og blir uthaldande. I dag starta Håvard med enno ein ny sport ( i tillegg til stup, symjing og fotball i gata).

Bordtennisbordet kom på plass i dag, laga av lokal snekker på bestilling og med internasjonale mål. Resultatet kan summerast opp i eit ord: Suksess!

Gneisten for bordtennisspeling vart tent på opningsfesten på Sygna i haust, og sidan det har Håvard berre prata om å få eit bord på terrassen.

Så til Torbjørn, Øyvind og alle de andre som er på veg til Mali i nærmaste framtid: Legg dåke i trening, for de kjem ikkje unna ein omgang eller to med Håvard ;)

Ingen kommentarer: