10. oktober 2007

Narena

I går fekk eg ein flott tur til Narena og Kangaba. Kangaba er det administrative senteret for La Préfecture de Kangaba (fylket) som Narena ligg i.

Ein har ved fleire høve vore der for å treffe le préfet (fylkesmannen). For oss som misjon er det viktig å presentere oss i områda der vi arbeider. Det var eit hjarteleg møte og vi føler oss også velkomne av styresmaktene i området. Frå før har vi særs god kontakt med kommuneleiinga i Narena.

(huset til Kjersti i framgrunnen og Svanhild sitt bak til venstre)

Tor Ove er tilbake i Narena for å ferdigstille husa til Kjersti Gangstø og Svanhild Fidjeland og starte på det siste huset. Vi håper at husa til Kjersti og Svanhild er ferdige til jul.

Utsikt frå takterassen til Kjersti
Opne bildet så kan du i midten skimte vegen, mellom hyttene, som går inn til ein av landsbyane der det er oppretta kontakt med 4 stk som vil ha bibelundervisning
Det nye huset skal ligge ved dei store trea til høgre i bildet


Jon Ivar

Ingen kommentarer: