27. oktober 2007

Press på dei kristne i Mali

Det er både stort og rart å tenkje på at i enkelte deler av landet finn ein landsbyar der så godt som alle er kristne, men i storparten av landet er det Islam som rår.

Det er mange måtar dei kristne i Mali møter presset på. I den siste tida har vi høyrt fleire tilfelle der huseigarar påstår at dei kristne forsamlingane skuldar store pengar i husleige. Det er berre for å presse dei kristne, enten for pengar eller for å få dei ut av lokala.

(denne moskeen er bygdt midt i gata like ved oss)

Vi høyrer også om mange tilfelle der muslimane byggjer på tomtene kyrkja har kjøpt. Det er få forsamlingar som har råd til å starte bygginga raskt nok, for tomtene er dyre, så når tomta er kjøpt er det lite pengar igjen til bygging. Det blir utnytta av dei muslimske samfunna.

Ver gjerne med å be for dei kristne i denne situasjonen.


Jon Ivar

Ingen kommentarer: