21. desember 2007

Tabaski

Det er fest i to dagar og det er stort sett stengt i byen. Folket er heime og feirar.

Forteljinga om korleis Ibrahim var villig til å ofra den einaste sonen sin til Gud står sentralt i dei abrahamittiske religionane. Medan dei var på veg til offerstaden prøvde djevelen å overtala Ibrahim til å bryta påbodet frå Allah, men profeten heldt seg fast. Like før han skulle utføra offeret, stoppa Gud han og ga han ein sau å ofra i staden. Denne soga er skildra i Koranen sure 37:99–111. Innan muslimsk tradisjon er sonen Ismael, og handlinga skulle skje i Mina nær Mekka.
(henta frå Wikipedia)

Tabaski er ein av dei to viktigaste festane i Islam. På veg heim frå flyplassen i forgår tok eg taxi. Sjåføren min klaga på Elfenbeinskysten som hadde starta ein dag før, det var som han sa fordi dei ikkje hadde ein skikkeleg (muslimsk, min kommentar) president til å styre landet.

Her var gata full av slakting i går. Prisane på sau er difor dobla mange plassar i desse dagar og folk klagar sjølvsagt for det. I tillegg er det nye kle og gåver til familien. Mykje blod renn denne dagen som eit offer, ikkje berre slak for mat.

Kvifor slaktar dei?
Kva tener det til?

Tilgjeving har ein pris. Enten det er vår til våre medmenneske eller Guds tilgjeving så er det betalt for å gløyme. All urett rører ved den det går utover, enten økonomisk, rykte eller kjensler. Gud gav son sin som vederlag. Det er verkeleg ein pris for å kunne tilgje. Guds nåde er fri men kosta han dyrt.

Alle desse muslimske offera; bønene, faste, pilegrimsferda, tiend gjev ikkje noko tryggleik for kva Allah vil sei på dommens dag. Han er "lunefull" og gjer som han vil. Slik er ikkje Gud. Den er jula eit godt minne om.

1Joh 1:8-10
Dersom vi seier at vi ikkje har synd, då dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urettferd.

Ingen kommentarer: