1. desember 2007

Vinterleik

Mange ting er ulikt frå gamlelandet. Vi har hørt rykte om at folk allereie har gått på skøyter og ski denne vinteren. Det er lite slikt her ute. I dag har vi hatt ein kald dag der temperaturen ikkje kom opp i 28 grader. Så etter fotball i gata (slik vi kunne gjere i Noreg for mange år sidan) var det tid for safari. Utstyrt med vatn, niste og tropehatt hadde Hanne og Håvard ein ekspedisjon i hagen vår i dag. Ikkje den store skogen slik vi hadde i Førde eller på Kvås, men den litle jungelen vår der det som er potteplanter hos deg er 5-6 meter høge her.

Har du forresten opplevd at nokon jublar veldig over nokre dråpar regn? Medan safarien var på veg mot slutten kom det nokre få dropar. Ungane jubla stort, tenkt at det kunne komme nokre dråpar i tørketida.

jonivar

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ååå, så kjekt med safari! Det hadde vore kjekt å fått med seg ein sånn safari, Hanne og Håvard! Kjekt å sjå bilder og høyre litt om det dåkke gjer på i Mali! Ønsker dåkke ei fin adventstid!
Klem frå Kari Hilde

Jon Ivar sa...

Takk, fadder Kari Hilde. Du må gjerne ta deg en tur til oss, så skal vi ordne safari tur. Jeg var litt for liten til det da du besøkte oss i Elfenbeinskysten i 2001.
Klem fra Hanne