16. november 2007

Campen

Her var det ikkje til å kjenne seg igjen. Etter John og Dell reiste var det ulike misjonærar som tok seg av plassen. Ting fungerte og plassen vart teke vare på.


Vi traff ein av dei som har arbeidd her saman med John. I følgje han var vi dei første misjonærane som hadde vore opp der sidan krigen. Franske styrkar hadde vore der ein gong ein god del tidlegare. Vegen var eigentleg ikkje til å kjøre på. Det var slik at hadde ein først starta var det betre å halde fram, for det var verre å rygge. Men med bruk av krabbegir og firehjulstrekk gjekk det både opp og ned. Ein misjonær frå WEC hadde vore der men gav opp nede ved asfalten.



Campen fekk også gjennomgå under krigen. Kor mykje meir enn tak og inventar som vart fjerna veit eg ikkje. Men alt som ikkje kan rotne var i alle fall vekke. Reknar med dette er av dei plassane som vart grundigast plyndra. I dag er det berre murane som står att. For hyttene vil det sei terrassen og dusjen. Det ligg og litt halvråtten kryssfiner igjen, men det meste er borte. Hovudhusa og vasstårn står og igjen som uferdige hus.


Naturen er frodig her og den har nesten gjennvunne heile området. Vegen opp er rydda for at landsbyen bakom skulle kunne komme fram med kaffien som dei framleis får seld.



Ingen kommentarer: