17. november 2007

Reise inn i opprørssona. (Reisebrev 1)

Landskapet i Mali og Elfenbeinskysten er ulikt. Sør i Mali der vi bur, er det mykje flatt. Etter kvart som ein nærmar seg Elfenbeinskysten blir det litt meir kupert, og heilt i sør finn vi også fleire våtrismarker (kinesisk ris) i søkka i landskapet. Bamako er det no prega av tørketid, medan like før landegrensa treff vi på fleire og fleire gjørmehol som vitna om regn dei siste dagane. Lufta er klarare og fuktigare. Landskapet er også frodigare.


I Mali er det lite kontrollpostar langs vegane, i alle fall samanlikna med nabolandet i sør. Ikkje heilt lett å sjå kva som er grensepostar heller. Men vi fann da nokon som kontrollerte papira og gav oss eit stempel i passet og ei utgreiing på at vi forlot Mali.


Det var ikkje like enkelt då vi kom til Elfenb.k. Her er det framleis opprørarane (rebell på fransk) som styrer den nordlige delen av landet. No likar dei ikkje å bli kalla rebell og har difor gjeve seg sjølv namnet «Les nouvelles forces», dei nye styrkane. Vi fekk til slutt ein attest, signert av ein sekretær, på at vi hadde vore innom eit kontor, men stempel var det verre med.


I starten av opprøret fekk rebellane støtte av folket; det var håp om frigjering (veit ikkje heilt frå kva). Det er ikkje til å stikke under ein stol at det var ein god del misnøye med styresmaktene bl.a. i høve til kven som fekk stille til val. Den direkte årsaka til opprøret var likevel demobilisering av militære styrkar og ynskje om makt. Folket gav opprørarne litt støtte. Vidare selde opprørne ting dei beslagla, og dei braut dei seg inn i nokre bankar. I den seinare tid er det blitt mindre med dette. No er vegsperringar ei viktig inntektskjelde (noko vi fekk rikeleg erfaring med). Så sel dei rettar til andre folkegrupper slik at desse kan ha kvegflokkane sine i område der dei normalt ikkje høyrer heime. Det gjev nye spenningar og fører til at rebellane mange stader er dårleg likt. Dei legg også andre bører på lokalbefolkninga. Det meste er dyrare, det er mindre handel og sjukehus og skular har fungert dårleg. I det heile er folk trøytte og klare for fred.


Rebellane har starta å formalisere seg. Dei har annektert bygningar, måla dei og skrive skilt på veggane, samt laga kvitteringsblokker for ein del av dei avgiftene dei tek. Dei fleste rebellane er unge og er lite disiplinerte. Langs vegen spør dei etter pengar, men det er nok å gje dei ei krone. Situasjonen er roleg og ganske avslappa.

Kontrollpost, foto Kjell Jaren

Elles er samfunnet på veg tilbake til det normale. Som ein del av fredsprosessen (som for øvrig dei fleste meiner går for seint) skal rebellane innrullerast i hæren. I Touba såg vi det. Der hadde 30 gendarme (halvmilitær politistyrke) kome tilbake og budde i kasernene saman med rebellane. Kor harmonisk dette sambuarskapet er, kan eg ikkje uttale meg om.


Elles er både sous-préfect'ar, préfect, dommarar, ordførarar m.fl. tilbake. Desse er i gang med å ordne identitetspapir for lokalbefolkninga, som ein del av førebuinga til neste val. Arbeidet med identitetspapir er det ein del snakk om, men det ser ut til å gå rette vegen, om enn ikkje så fort og så godt om mange skulle ynskje.


Vi håpar og ber om at vi frå neste år kan ha misjonærar i landet igjen. Slik det ser ut no, nærmar det seg realistisk. Det er andre misjonærar som bur i landet, og fleire er på veg. Det er også fleire utlendingar som er i Elfenbeinskysten grunna andre interesser også.

Ingen kommentarer: