18. november 2007

Ouaninou - Koonan (reisebrev 2)

På turen til «gamlefeltet» fekk vi møte fleire av dei kristne. Turen gav dessverre ikkje rom å besøke landsbyane vi har hatt evangelisering i. Sidan vi måtte gjere om på turen (grunna strengt flyplass i Mali) fekk vi heller ikkje med oss gudstenesta i Ouaninou slik vi hadde tenkt. I sin tur førte det til at vi ikkje fekk møte dei nye kristne som no kjem til kyrkja.

Kristenflokken, har som du forstår, fått nye medlemmer sidan misjonærane reiste i 2002. Nokre har trekt seg tilbake, men mange har også blitt grunnfesta i trua. Vi møter ein kristenflokk som gjev inntrykk av å ha forstått kva Jesus har gjort for dei og som difor ynskjer å leve det kristne livet. Fleire har bede offentleg om tilgjeving for det dei har gjort. Så vi møter kristne som no vitnar om at dei ikkje kan leve utan Jesus. Eg trur dei når dei seier dei har eit «betre vitnesbyrd» med liva sine enn før.


Det er flott å sjå denne tilveksten av nye kristne og vokster hos dei som har gått i kyrkja over lengre tid. Det arbeidet vi har fått stå i som misjon er i ferd med å gje frukt og vokster. Andre held fram der misjonærane starta for 23 år sidan. Kanskje ikkje mange i talet men no meir autonome enn nokon gong.


Til alle dåke som har vore ute som misjonærar eller på besøk har eg mange helsingar. Eg klarer ikkje å hugse alle namna og kven som sende helsing til kven. Men alt frå vakter, hushjelper og kristne var innom oss og bad oss helse. Det er leit at eg ikkje fekk treffe fleire, slik som gamlingen i Vaidougou. Kanskje på neste tur! Håper eg då også får tid til å spørje etter fleire.


Vi hadde ei fin stund saman med dei nasjonale på onsdag kveld. Vi fekk dele Guds ord og be saman med dei. Vi har den same allmektige Gud. Og i større grand enn før opplever eg vi har den same store frelsaren. Ikkje ei einaste gudsteneste har vorte avlyst grunna krigen. Kyrkje har fått stå der med den lysande vitnesbyrdet om krossen gjennom denne vanskelege tida.

På den andre sida er ein fort tilbake til «kvardagen» når ein kjem til Ouaninou. Mange treng hjelp og ber om det. Dei fleste er opptekne av framtida, kjem misjonærane tilbake. Trur nok mange ynskjer det skal bli som før. Eg kunne også tenkje meg minst 2 misjonæreiningar i området for å vere med på evangelisering og bibelopplæring. Utfordringane er ikkje fråverande.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei, fint innblikk i turen til CI. Godt å se at Pierre er tilbake i kirka igjen.Mye positivt har skjedd de site årene til tross for vanskelig år. Veldig bra!
Stå på! Edgar