Denne veka har vi fått glede oss over at vi har ein ny misjonærfamilie på plass. Det er kjekt å få ut misjonærar som vi har venta på og hatt kontakt med i dei snart 3 åra sidan dei vart plassert her. Misjonsskule og språkskule tek si tid. No er det ein ny periode med språk og kulturlæring saman men inngang blant våre lokalt tilsette. Velkomne Sæth!! (Bloggen deira finn du her)
Samtidig har vi besøk av to russ, Katarina, Sygna og Sigrunn, Kvitsund. Dei samlar inn til arbeidet vårt her i Mali og Elfenbeinskysten. Dei har hatt to dagar i Abidjan og er no i Narena. Såg du forresten av skulane samla inn over 4 millionar kroner til misjonsarbeidet sist skuleår.
Denne veka går med til å ta seg av desse. Det er å investere i misjon!
jonivar
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar