30. mars 2007

Så er det bestemt........

Vi er bedt om å reise til Mali. Vi har sagt ja, no er ein lang prosess over. Utfordringane står føre oss.

  • Pakking …..
  • Vaksiner
  • Kva skal vi a med ut..
  • Sortering av det som skal ut av huset…
  • Orne papir, rekneskap osv
  • Sal av bil, ja men kva med båt & campingvogn?
  • Ordne til for dei som er igjen i Noreg

Mange synest vi er gale, eller forstår i beste fall ikkje kva vi gjer. Men mange støttar os sjølv om dei viser at det også er leit at vi reiser (heldigvis).

Dei første sekkane med søppel er kasta. Likså har familie og Fretex fått første ladning. Våren og sommaren vil bli prega av avskjed med vener og familie. Det er ei utfordring å få tid til Gud, seg sjølv og ikkje minst til kvile i denne tida. Det er ikkje noko mål å komme ut som vaskefiller.

Vi tenkjer også ein del på korleis vi skal kunne dele arbeidet vi står i med deg som er heime i Noreg. Vi ynskjer gjere besøk, men i enno større grad tilbakemeldingar og forbønn. Bådde i denne pakkeperioden og ikkje minst i tida ut.

Mykje skal enno på plass før vi er ute. Kanskje vil Gud stenge vegen. No er vi alle fall på vent…


Jon Ivar

Ingen kommentarer: