5. mai 2007

Misjonærar på veg til Touba, vi skal berre til Mali..

Vi skriv mai og opplever varme dagar i Norge. Denne veka fekk vi gledesmail frå Kjersti som takka for regnet i Bamako, temperaturen sank nokre grader til levelege 35 (maks temp). Følte eg takla varmen greitt i Ouaninou, men der var det sjeldan over 40. Denne utfordringa også blir større i nytt land.

Til Ouaninou

For oss som er gamle nok til å kjenne vår Aavik og litt .. (to prikkar i alle fall) frå arbeidet i Kina var det kjekt å høyre frå Anna Sæter sitt besøk på gamlefeltet i fjor. Tenk på kva vi har fått vore med på. Grunnlaget for Guds forsamling med mange tusen medlemmer vart gjort i tru (og tvil) og måtte forlatast for 50 år sidan. No ser vi fruktene. Sjølv om det ikkje blir rett å samanlikne med det vi opplever i Elfenbeinskysten, går likevel tankane min i den leia. Vi måtte reise, medan arbeidet gjekk vidare med våre nasjonale vener. Tenk på kva du får vere med på…. Og i dag (eller i morgon) reiste våre folk inn på feltet igjen. Dei treng forbøn for den turen òg. Det er trygt i høve til rebellane (opprørarane) etter det vi kjenner til, men ein del ran førekjem langs vegane, spesielt sør for der dei skal reise. Andre ting eg har tenkt mykje på i det siste er kva skal ein sei til rebellane som no har husa og tinga til misjonen? Og ikkje minst kva skal ein sei til dei nasjonale? Kjem misjonærane tilbake for å bli snart?

Likevel er det for meg gleda, takken og lovprisinga til Gud som er det største midt opp i det heile (men så er det ikkje meg som skal reise, ikkje enno i alle fall…).

Snart utreise

Elles går dagane med til mykje planlegging for utreise, tanke på pakking, avskjed og vaksiner. Vi treng også forbøn. Dei to eldste våre blir igjen. Det blir spennande for oss alle. Spesiell takk går til slekta med besteforeldre i spissen som vi trur vil ta seg vel av våre to håpefulle. Litt spennande er det å få høyre frå ikkjekristne familiar at ungane våre er så velkomne til å bruke heimane deira medan vi er ute. Og at det verkar som dei kjem til å aktivt ta kontakt for å få dei heim til seg ei helg. Kva gjer eg som kristen med dei som treng meg, er eit spørsmål er har no.

Utreisa kjem også tettare på etter som vi er i kontakt med hovudkontoret og andre i samband med utreisa. Sist veke fekk Irene og eg høve til å vere med på eit Sharpening Your
Interpersonal Skills workshop. Kjempetakk til mamma som kom eins ærend for å passe ungane ei veke!! Vel, desse dagane fekk vi testa oss sjølv og lært litt meir om oss sjølv og korleis vi reagerer på ulikt press (stress) og hjelp på vegen til å takle situasjonar vi møter i dagleglivet. Vi møter det også i Noreg, men har større nettverk og rekreasjonshøve her enn ute der det meste også er tettare på oss heile tida. I tillegg fekk vi bruke kveldane til å bli enno litt meir kjent med arbeidet i Sentral & sør-Asia, Sør-Amerika og Aust-Arfrika. Utruleg at det er så mykje kjekke misjonærar på dei andre felta også…..
J.

Vel, nok i denne omgang. Må ha litt å skrive ein annan dag også.

Jon Ivar

Ingen kommentarer: