16. mai 2007

Vel tilbake

Digitalisert lysbilde (med støv på). Trykk på bildet og få det forstørra. Kyrka og misjonsstasjonen ligg til høgre i bildet.

Så fekk vi meldinga vi venta på.... Turen til Ouaninou hadde på alle måtar gått greit. Det er spennande for oss som skal ut, om enn berre til Mali, å høyre korleis det var å reise tilbake til feltet. Kanskje blir det vårt lodd å ta neste tur. Dei fekk stadfesta den positive trenden dei nasjonale har meldt om siste månadane.

Vi kan melde om eit positivt møte med dei nasjonale og rebellane (opprørarane). Mange spørsmål om når vi kjem tilbake. Det kan du vere med å be om kan skje når Gud ser tida er inne og at vi er vakne for det.

Pastor Piere er på bedringens veg etter slaget han fekk ved påske. Ver med å be for han og for dei oppgåvene han sår i som hovudpastor for kyrkja sitt arbeid i området.

Rebellane bur i husa til misjonen. Dei er klar til å la oss få dei tilbake når vi kjem. Enn så lenge blir dei i alle fall ikkje plyndra for tak, dører og vindu så lenge dei bur der. Så noko godt er det i det også.

Jon Ivar

3 kommentarer:

Anonym sa...

Det er godt at det har vært mulig å ta turen tilbake til gamle trakter i Elfenbenskysten!
Tror vi får en spennende tid de neste årene, vi som får lov til å reise til Vest-Afrika!
Kjekt å få litt oppdatering om hva som skjer gjennom bloggen deres!

Inge

Jon Ivar sa...

Hei Inge (og Marie)!

Takk for den første kommentaren på bloggen vår.

Anonym sa...

Kjekt å finne bloggen deres :-)

Har også lest Jan Magnus' rapport fra Touba-turen med stor interesse. Sterkt å høre hvordan de ble mottatt. Sikkert ekstra sterkt for dere som kjenner folkene han skriver om.

Har forresten "stjålet" bildet av kirken i Ouaninou for å legge på bloggen vår.

Og nå står dere på linklisten vår også :-)

Jostein
19. mai 2007 13:38 (flytta frå anna artikkel)