28. desember 2008

Vegen er opna!

Den offisielle vegopninga med brask og bram var på julaftan. Presidenten var i Naréna og kasta glans over hendinga, og fleire tusen var møtt fram for å ta del i opninga. Det er hovudvegen mellom Mali og Guinea som etter mange års arbeid nett er ferdig asfaltert. Etter tre timar venting kom presidenten. Han var i landsbyen ein halv time for så å returnere til Bamako.

«Vår president» kom også på julaftan etter lang tids venting. Han returnerte også etter ei kort tid på jorda. Men han kom ikkje med brask og bram, og få erkjente han, og få møtte fram i stallen. Også han opna ein ny veg - vegen mellom menneske og Gud.
Dagen etter presidentbesøket i Naréna, møtte 70-80 personar opp på misjonsstasjonen. Fyrste juledag var det igjen høve til å dele gledesbodet frå juleevangeliet med folket i landsbyen. Blant dei som møtte opp, var dei fleste leiarane representerte. Med Sous-Prefect, ordførar, imam og griot i spissen sat dei og deltok i samlinga om Guds ord.
Nokre kom fram med sine sterke, personlege vitnesbyrd. Nokon som har sett kven Jesus er! På lokalt initiativ vart det gjort opptak av alt som vart sagt, slik at det kan sendast på radioen i Naréna. Guds ord når lenger enn til dei som møtte opp i hagen til misjonen. Vi reiste attende til Bamako med takk og lovsong i hjartet over det vi hadde fått vere med på denne vakre juledags morgon.

Ingen kommentarer: