22. februar 2009

Dogonland

Vi fortset med litt reiseskildring (i samarbeid med Torbjørn) for dei som måtte ha lyst til å lese litt meir:)På returen frå Timbuktu til Sevare kjørte me gjennom Dogonland. Det vart fire nye timar på sanddyner og med ein firhjulstrekkar som einaste framkomstmiddel. Vi hadde kart med oss, men i eit område så og sei utan skilting, var det ikkje så mykje hjelp i. Litt betre var det då med GPS som innimellom viste at vi køyrde på ein "veg".Dogonland ligg midt i Mali, rundt Bandiagaraklippene, og huser omlag 500.000 innbyggjarar frå folkestamma Dogon. Denne folkegruppa er spesielt kjend for sin særeigne arkitektur, maskedans, mytologi og treskjeringskunst.

Før i tida låg dogonlandsbyane langt oppe i fjellsida både for å unngå islamisering og å verte selde som slavar. Dette har gjort at mange av dogonane framleis held på den animistiske religionen sin, sjølv om dei formelt sett gjerne er muslimar. Kristendommen har også framgang her.

Ein heilt spesiell byggjestil kjenneteikner ein dogonlandsby, mange små hus, som alle tener sitt formål. Ein famile har små lagringshus for korn, lagringshus for kvinnene sine eiendelar, eigne hus der menn kjem saman og samtaler (dette huset har lågt tak, for å unngå slossing når diskusjonen vert varm!) osv. Det vanlege er at kvinna flyttar saman med mannen først etter at ho har fått det fyrste barnet, før det kan mannen gjerne gå frå kvinna. Skilsmisse etterpå er ei stor og komplisert sak... Kvinna er økonomisk sjølvstending, og har difor sitt eige "yrke", som pottemakar, vevar e.l. Det vanlege er at ein mann berre har ei kone.I 1989 vart Dogonland sett opp på UNESCOs verdsarvliste! Og har du tatt turen gjennom området vil du fort skjøne kvifor. Det var rett og slett ein fantastisk tur, som vi gjerne tek om att, med litt betre tid til å spasere i dei fasinerande landsbyane. Ord kan ikkje få sagt alt, men vi håpar bileta våre kan skildre noko av det vi opplevde. Trykk på dei og dei vert større for deg:)Etter å ha vore i bilen sidan klokka 05.30 (med eit stopp i Douenza midt på dagen for å besøkje norske misjonærar der), var det godt å kome attende til gjestehuset i Sevare kl. 19.30

Ingen kommentarer: