21. mars 2008

Muhammeds fødselsdag og andre fridagar

I år fall Muhammeds fødselsdag saman med skjærtorsdag. Gadafi har brukt den til å skjelle ut vesten og å påstå at Bibelen er ei forfalsking, medan i Noreg blir dagen moderat feira.

Her i Mali er også feiringa moderat. Då er påska med kjempe-egg i sjokolade på fransk vis meir framme i dagen. Men køar var det over alt på onsdag grunna denne fødselsdagen, og torsdag var det offentleg fri, og kanskje blir det det i dag også sidan det blir ein dag klemt mellom ei langhelg og ein fridag. Som i Frankrike (igjen) er det også her berre 2. påskedag som er ekstra høgtidsdag i påska. (Gløymte å spørje nattevakta om dei sa noko på radioen i går kveld) Så har vi Muhammed sin namnedag på komande onsdag. Då blir det denne tysdagen som er ille inneklemt med fridagar igjen, men om det blir gjort noko med den får ein vel tidlegast vete seint kvelden i førevegen.

Dette er ikkje berre positivt med alle desse fridagane for eit land som ligg på botnen på verdsrankinga for økonomisk velstand. Dagleglivet for dei aller fleste har vel denne gongen vore nærmast normal, men dei offentlege kontora, bankar mm har brukt dagen til, ja kven veit......

Med alle desse usikre dagane heng vi oss på med vår usikkerheit. Vi fekk visum, berre ei god veke forseinka, til Elfenbeinskysten, eit døgn før det heile stengte. Men skilt på bilen vart det verre med. Så no tek vi ein mindre bil og reiser ein dag seinare. Avreise lørdag morgon kl. 05
Så håper vi at vi får feire påske i kyrkja i Ouaninou. Der skal Jesu forsoningsverk få vere i sentrum same kva Gadafi måtte meine....

Dersom alt går som vi håpar er vi tilbake med innlegg på bloggen om ei veke, då i Abidjan.

Ingen kommentarer: