7. november 2008

Kyrkjelyden i Ouaninou.


Vår kjære pastor i Ouaninou har aldri hatt norsk uttale på fransken sin, og eg har aldri klart heilt å forstå afrikansk tenkemåte. I alle fall ikkje i den grad eg burde. Difor blir det gjerne nokre misstydingar langs med vegen.

Då vi var på besøk i påska og på telefon i ettertid, har eg forstått som at Pierre er i ferd med å bli frisk. «Han er nå ikkje verre» som vi seier i Sunnfjord, samtidig visste eg at han har ein del smerter. Eg har ikkje komme på å spørje om han kjem seg til kyrkje. Her var det noko som glapp. Det viser seg at han ikkje har kome til kyrkje sidan påske. Han kan framleis gå, men ikkje så langt som til kyrkja. Han ber og fastar meir enn nokon gong. Men få frå kyrkja kjem innom han.

Så i denne perioden når vi har høyrt positive rykte om det som skjer i Koonan viser det seg at kyrkjelyden i Ouaninou lid.

Vi skulle gjerne hatt nokon som kunne støtta Pierre. Og så hadde eg gjerne sett at han kom til kreftene og helse igjen. Skal også han måtte legge inn årane her? Skal det gro heilt igjen i Ouaninou? Ver med å be om at Guds vilje må skje, den som er over all forstand!

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei!

JEg vet ikke om den forrige kommentaren min ble registrert. Håper det er bare bra med dere og at dere trives. Tenker og ber for Pierre. Dere må hilse han så mye fra meg

Margrethe