3. november 2008

Kjære krass kniv


Eg såg du skreiv i gjesteboka, det set eg pris på sjølv om du er kritisk til det vi held på med. Eg vil gjerne svare på kritikken og håpar du tek deg tid til å lese den.

Eg reknar med du siktar til prosjektet vi driv i Abidjan når du meinar vi tvingar den kristne trua på nokon. Då vil eg tru du ikkje heilt har forstått korleis vi driv prosjektet. I alle fall verkar det som det er i utakt med slik eg opplever det.

Å vere kvit i Afrika eller nordmann i mange land er ofte ei utfordring. Eg kjenner til journalistar som seier dei er kristne i møte med andre kulturar fordi dei finn det for vanskeleg å forklare at dei er ikkjetruande.

sidan dette innlegget vart litt langt har eg lagt det inn litt lenger bak: HER

Ingen kommentarer: