8. november 2008

Minnesal

Ei av oppgåvene som har falle på mitt bord gjennom det siste året er å samle saman ting som er berga frå opprørarane. Blant det dei nasjonale har teke vare på, med til dels stor risiko for eigen del er:
  • Kopimaskin
  • Videoprojektor
  • Ei datamaskin
  • Bøker
  • Ein del personlege ting
  • Møblar
  • Diverse papir, alt frå arbeidskontraktar til feilutskrifter og kladdepapir
Det er ikkje alltid like enkelt for dei å forstå kva som står på norsk og kva vi ser på som viktig. Midt opp i dette fann eg ei kladdebok frå Dioman. I den var det notert medisinar som var seld og kjøpt. Saman med kladdeboka fann eg også to konvoluttar med pengar.

No er det slik at i samband med opprøret i 2002 fekk opprørarane kome seg inn i nokre avdelingar av sentralbanken, med tilhørande stort utbytte med nye setlar. Sidan desse var nummerert og nummeret kjent, vart det straks sett i gang utvikling av nye setlar. Dei gamle vart gjort ugyldige. Veksle inn setlar opprørarane hadde teke, var ikkje då lenger like lett.

No har vi til disposisjon eit avgrensa tal setlar som ikkje har vore på opprørarane sine hender og som i sin orginalforfatning kan ha stor affeksjonsverdi. Så det er berre å ta kontakt. Misjonen treng 50 mill (NOK) fram til jul. Her kan vi kanskje få inn noko???



Ingen kommentarer: