4. juli 2007

Evangelist Samuel er død

For noen dager siden kom denne triste meldingen fra Vest-Afrika. Vi har sakset fra mail fra Bergfrid Almelid, en av våre misjonærer i Mali:

Det er uverkeleg og trist å måtte meddele at evangelist Samuel i Dioman (i Touba fylke, Elfenbeinskysten) døydde i natt, i tretida. Vann i lungene, meir veit eg ikkje. Jacques som er i Abidjan ringde meg på onsdag og bad om hjelp til å få transportert Samuel til sykehus (i Bamako). Situasjonen var kritisk alvorleg i fylgje pastor Pierre som Jacques hadde hatt telefonkontakt med. Pastor Pierre ringde i går (til Abidjan) og sa det var ikkje sikkert Samuel stod det over. Og i natt døydde altså denne fredsæle mannen.
Merkeleg å tenkje på at to av "våre folk" i nord, som er sett til å ta vare på "hjorden",blant mahoufolket, har vore ramma i det seinare. Fyrst pastor Pierre med hjerneblødning og lammelse i påska, og no at Samuel ikkje lengre er blant oss.

Då vi var i Elfenbeinskysten i mai, vitja vi Samuel og familien i Dioman. Det var ein gild ettermiddag og kveld.Folk tala vel om han i landsbyen og gav han eit godt vitnemål. Måtte det Samuel har sådd av Gudsnærver og godleik, av bøner tll Gud, gje si frukt i rette tid. Måtte hans død tene til Guds ære og blant mahoufolket i Dioman.

Det er ikkje fritt for at eg spør meg sjølv: Kva vil Gud med mahoufolket? Kva plan har han for dei? Kvifor har Gud tillete sjukdom og død hjå sine tenarar? Måtte vi gå inn i bønekamp for mahoufolket, for kristenflokken. Må Gud sjølv reise opp sine vitne.


Ingen kommentarer: