12. juli 2007

Utsikt til eit rikt liv i Guds hand!

Det er ikkje berre utsikta som har endra seg, men også innsynet. Skiboksen vår vitnar om mykje farting og mange flotte opplevingar. No er containeren på plass og vitnar ugjenkalleleg om at pakkinga kjem vi ikkje utanom. Bilen, båten, trampolina og atv'en er seld. Sekkar og posar med kle har hamna hos slekt og Fretex. Noko er også kasta, utruleg kva vi dreg til hus og samlar på! Vi hadde med 10 m3 meir til Kvås enn det vi har plass til å stable bort. Gode råd og hjelp mottas med takk.

Jon Ivar

Ingen kommentarer: