28. februar 2008

Før VG, Dagbladet, NRK og Kai Even

I kveld fekk vi norske her i Mali eit interessant møte med Erik Solheim, diverse ministrar og ambassadørar her i Mali.

Kjekt å høyre ein norsk minister skryte av norsk misjons kontakt med folket her i Vest-Afrika. No ser vi at no kjem norske styresmakter etter. Mali er eit av dei nye landa som Noreg satsar på.
Foto: Kai Even Bjørdal
Kjekt å møte ein minister som viser positiv interesse for det vi held på med. Og som framfor alle desse høge damer og herrar (president i nasjonalforsamlinga, Malis miljøvernminister og ambassadørane for Frankrike, Nederland, Danmark m.fl.) sei kor stolt han er over at norsk misjon har fått oversett NT til fleire lokale språk her i landet.

Solheim er i her i første rekkje som miljøvernminister, sjølv om utvikling også er eit viktig tema på ein tur i det som er ranka til det tredje fattigaste landet i verda. Onsdag og torsdag er sett av til å sjå på ulike prosjekt i nord og litt turisme med å sove i telt på sanddynene i Sahara. Lukke til!

Misjonærar har liten status i Noreg. Kanskje ikkje stort større her heller, men vi får vere med der ting skjer. For tredje gong, etter vi kom ut, har familien Friborg vore vist på nyheitssendinga her i Mali................. (generalforsamling i AGEMPEN (kyrkjer og misjonar), NT på Kassonké og no med Solheim)

Jon Ivar

PS! Dersom Kai Even lar meg få låne eit bilde kjem det også etter kvart...... DS.

Ja, eg fekk lov!!!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Skal si dere fikk tatt innersvingen på oss! Bildet koster dyrt!

Oddrun

Jon Ivar sa...

Hva med å la Kai Even vinne en omgang Settlers etter 6 mnd forsøk.... Vil det være bra nok? :-)