14. januar 2008

Bibelkurs

For fjerde år på rad held vi bibelkurs på fransk for døypte, aktive medlemmer i kyrkja. I år er kurset i Bamako. 7 deltakarar kom frå Abidjan og Ouaninou og ein bur her i Bamako.

Turen vart unnagjort på 2 - 3 dagar, og deltakarane kom trøytte og støvete fram. Alle har opplevd det obligatoriske at bussen braut saman på turen. Dei som kom frå Abidjan måtte kjøpe ny billett. Sidan kjøretøyet blir reparert langs vegen blir det ikkje betalt for at ein skal reise vidare med ein annan buss. Då er det berre å slå seg til tols og vente om du ikkje har meir pengar. Då er det ikkje hjelp i om det ikkje er mekanikar og deler å oppdrive på 10 mils omkrins. Dei to siste kom pga dette ein dag for seint fram (og er ikkje med på bilde).
Dei har igjen forsaka familie og åker for 6 veker for å lære meir av Guds ord. Fleire av dei arbeider til vanleg på åkeren, nå skal dei sitje på skulebenken og ta imot undervisning. I tillegg skal dei drive sjølvstudium.

Årets tema er song og musikk i kyrkja, misjon, kristen etikk, reformasjonen, ein god og trufast etterfølgjar, Galaterbrevet og Jesaja. Dei som har undervisninga er Bergfrid Almelid, Mons Gunnar Selstø, Samuel Camara, Issiaka Sanogo og Oscar Nordbø. Dei to siste har mesteparten av undervisninga. I tillegg får vi her vere med å leggje det heile tilrette.

Ver gjerne med å be for desse deltakarane. Fleire av dei er blitt kristne etter vi forlet landet i 2001. Vi håper dette kan utruste dei for livet og at dei også kan bli viktige støttespelarar i kyrkja framover.

Jon Ivar

Ingen kommentarer: