28. april 2008

Samarbeid over landegrenser

CHE (Communication – Health - Education/Evangelisation) er ein metode for å drive evangelisering og/eller utviklingsarbeid. I begge tilfeller er målet å drive dette utan store innsatsfaktorar frå misjonen si side. Dvs få/ingen tilsette og lite pengar. Tanken er at ein familie/ein landsbykomité/ein kyrkjekomité skal få opplæring innan enkelte emne og så sjølv ta kunnskapen i bruk før dei deler den vidare med andre.

Førre veke fekk eg vere med i eit nettverk av misjonar og kyrkjer som driv arbeidet på denne måten. Arbeidet starta i Aust-Afrika på 1980-talet og kom til Vest-Afrika for mindre enn 10 år sidan.

28 stk frå 7 (av 18) land i Vest-Afrika var samla i Abidjan til konferanse. ¾ av desse var afrikanarar, mange frå organisasjonar og kyrkjer som ikkje får støtte frå vesten. Dei fleste arbeidde med dette som friviljuge, dvs utan løn. Til og med reise og opphald ordna dei sjølve.

Erfaringane her er ei blanding av vanskar og godt utbytte. Ein misjon starta med dette like før krigen braut i Elfenbeinskysten. Dei kom berre halvvegs i første av tre undervisningsbolkar før dei måtte reise, likevel hadde dei nasjonale lært så mykje at programmet gjekk vidare utan misjonærane …

Våre folk i Abidjan har vore med og sett på ein av dei organisasjonane som driv utviklingsarbeid på denne måten. No vil dei gjerne at vi også skal bruke denne framgangsmåten i vårt arbeid. For oss er det flott med ei slik brei erfaring som vi kan få ta del i og der vi også kan lære av andres feil og bli oppmoda av deira suksess.

Ei utfordring som er mykje større i vest er tilgangen på materiell. I Vest-Afrika er det få felles språk og mykje må omsetjast. Når eit skjema eller ein leksjon er oversatt blir den delt fritt. Her er ikkje © eller andre hindringar, vi står i lag om å nå folket her med evangeliet og hjelpe dei i det daglege livet.

Også i Bamako har det vore CHE samlingar. I januar var fleire av oss misjonærane på kurs for å lære meir om denne arbeidsmetoden.

Jon Ivar

Ingen kommentarer: