11. mai 2008

13 år sidan sist

NB! Dette innlegget er berre for spesielt interesserte.

Det er ikkje ofte eg har kjensla av å oppleve 17 mai, julaftan og fødselsdag på same tid. Men i går var det eit av desse få tilfella.

Ikkje sidan eg tilfeldig kom over nokre boksar i Abidjan i 1995 har eg drukke Hires. Ein brus som onkel Nils (min morbror) laga i mange år og som hadde fast plass i alle stor høve som dåp, konfirmasjon, bryllaup og jul.

Det er ikkje ofte eg er mot genmanipulert mat. Men det har slike uheldige konsekvensar at det ikkje er rå å få tak i Hires/Root Beer i Noreg. Det er verkeleg ei skam.

Men altså i Bamako, med nokre av våre gode amerikanske ambassadevener fekk eg i går ein boks og nytte den vel der på bassengkanten. Takk til Stan og Christy. Men ikkje nok med det , eg fekk med to boksar heim også. Dei to skal også nytast med nesten sanselaus glede og igjen takk til Stan og Christy samt onkel Nils som let oss få del i denne drikken for mange år sidan.

Ingen kommentarer: