10. mai 2008

Dioman

Vi har lenge vore opptekne av kven som kan reise til Dioman etter at evangelist Samuel døydde i fjor sommar. Det har vore i hendene på kyrkja i Ouaninou, medan vi har vore ein støttespelar i prosessen. Vi kan nok vere skuffa over ein del av det som skjer i ein slik prosess. Her som i Noreg ser vi at dei som gjerne har mest ureint mjøl i posen sjølv, er dei største motstandarane for nye tiltak.

Vi håpte lenge at Abraham skulle få reise dit. Han er ein moden kristen med eit godt vitnesbyrd, og han var sjølv klar til å flytte til Dioman. Men mange i kyrkjelyden stemte imot det, og no i vår døydde også faren hans. Dermed vart det naturleg at han flytta heim til landsbyen sin som er om lag 15 km frå Dioman.

Så har vi ein av dei nye kristne som har akseptert å reise dit. Han er ein av dei to som vart døypte på bibelkurset i år. Han har vakse opp med misjonen og misjonærane som nabo. Han har også ein storebror som har vore ein kristen i lengre tid.

Med sykkel kan han få besøk av Abraham om søndagane. Slik kan desse to saman vere vitne i Dioman. Ingen av dei er lønna av misjonen. Arbeidet på åkeren skal vere levebrødet. Afrikanske teltmakarmisjonærar.

Ver gjerne med å be for desse to og at dei må få ha eit godt vitnesbyrd der dei ferdast.

Ingen kommentarer: