29. januar 2009

Veit du kven "kongenes konge" er?

Du tenkjer kanskje på Op.19:16 der Jesus blir omtala som «Kongenes Konge og Herrenes Herre». Og eit raskt søk på Internet gjev det same resultatet.

Då eg gjorde same søket på engelsk, fann Google ein anna person, om ikkje før så på 17. plass (av ca 3 180 000 treff). Det er Mouammar Kadhafi som vart utnemnd til Konganes konge i Afrika i slutten av august i fjor. I desember var det eit forum i Abidjan for kongar, sultanar, prinsar, sjeikar og tradisjonelle sjefar som skal prøve å arbeide vidare med livsprosjektet hans: USA – som står for United States of Africa. Tittelen var«Tradisjonelle institusjonar, moderne styringsformer og mellommenneskeleg forståing». På toppmøte i den afrikanske unionen i Addis Abeba er det igjen på sakskartet.
foto: AFP

Eit sterkare Afrika som kanskje kan vere ei motvekt til vesten er kanskje ikkje berre dumt. Men no har fleire land sagt nei. Burkina Faso var tidleg ute og no har Uganda sagt nei til slike samlingar i sitt land. Det til tross for at Kadhafi har investert stort i Afrika dei siste åra og truar med å trekke seg frå slike investeringar i framtida.

Er dette ein ny måte å trollbinde verda på……..

Ingen kommentarer: