21. januar 2009

Finbukse og skjorte

Det er ikkje kvar dag (les: kvar mnd) eg har det på. Men det er alltid med i kofferten. Og i dag fekk eg bruk for det.

Når noko stort skjer i Afrika, er det ofte STORT! Av og til tek det av, eller som i dag, det skjer med moderat pomp og prakt.
Heime i Noreg er det nesten slutt på respekt for både Gud og folk flest. Spåtte Gud og slå ned naboen er det vanlege, medan det å vise respekt har gått ut av ordboka, i alle fall mista innhaldet det hadde før.

Dagens hending, slik den arta seg for meg, var innsetjing av komiteane for «Alfabetisering» og «Arbeid mot spreiing av HIV/aids» i ein av Abidjans mange bydelar. Det er spennande å la dei lokale komiteane vere med på styre dette. Enkelte plassar er ordførar med, saman med fleire prominente gjestar, som i dag, andre stader er det mindre markering ute midt blant folket. Uansett er det mykje talar og musikk i eit høgtalaranlegg som står på litt over full styrke.

I utgangspunktet likar eg best når det skjer ute blant det folket som blir omfatta av prosjektet. Det er deira prosjekt, aktivitetane gjeld først og fremst for desse. Eg ser det som viktig at dei har kjennskap til det som skjer i nabolaget.

I dag var det som sagt litt meir pomp og prakt. Ordføraren var der, det var også medlemmer av kommunestyret og representantar for ulike komitear i bydelen. Det heile føregjekk på lokalkontoret til kommunen. Dermed vart dei eit stykke veg for den meinige mann som bur «Derrière l’eau» (direkte oversatt: bak vatnet – eller: over fjorden, som vi ville sagt heime). Det vart dermed ikkje så mange frå andre sida av fjorden som møtte opp. Dei lokale sjefane var der, dei som ville vore landsbysjefar i Toubaområdet. Eg tenkte nok med det same at det er uheldig, men kanskje er det ikkje berre det. Vi ynskjer jo at aktivitetane også skal vere berekraftige. Då er det kanskje ikkje så dumt at styresmaktene er med på ein opningsseremoni i ny og ne. Dei kjenner til arbeidet og vi samarbeider med fleire offentlege instansar innan fagområda til prosjektet. Likevel har slike samlingar sin verdi og vi arbeider i ein lokal kultur som vi også skal respektere. Men som sagt, den kulturen artar seg ulikt frå bydel til bydel. Det gjer også engasjementet.

Følg med, følg med……..

Ingen kommentarer: